Noen (nei mange) nynorske ord om dirigenten vår Helga Botn 🙂

Helga

…starta si sangkarriere i koret Skruk (Sunnmøre Kristelige Ungdomskor), der ho var medlem og solist i 14 år.

Etter det gjekk turen til Hamar: Toneheim og Musikklinja ved Hamar Ped høgskole. Vidare til Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole, der ho avslutta sin master med Debutkonsert i Universitets Aula i -86. Etter sin utdannelse har Helga jobba som frilanser og pedagog, med svært allsidige og varierte oppgåver. Har du sett og høyrt ho?

Teater:

Solveig i Peer Gynt i København/ og ved Gålå (93/)4)

Opera:

Ei rekkje roller ved Den Norske Opera, Operaen i Kristiansund, Opera Nordfjord og Ringsakeroperaen, roller som Adele i Flaggermusen, Stasi i Chardascfyrsinnen, Mimi/ Musetta i La Boheme, ViolettaLa Traviata,Frasquita i Carmen Moren i Georgs magiske medisin( Gisle Kverdokk), Eline i Med kniven på strupen, Bertil P. Johansen/ Vigdis Hjort, Gunhild i Sildagapet( Helge Sunde), Eliza i My fair Lady,DNO,

Kirkemusikk:

Solist i mange kyrkjemusikalske verk som Mozarts Requiem, Juleoratoriet,Bach, Händels Messias, Rossinis Stabat mater,ei rekkje Bach-kantater og mange samansatte kirkeprogram.

Jazz:

Helga har vore solist med Ophelia Ragtime Orchestra, Magnolia Jazzband, Ytre Suløens Jazzensemble Odd R. Antonsens Storband, og har mange samarbeidsprosjekt med Morten Gunnar Larsen og Georg Reiss, Treemonisha i Scott Joplins opera: Treemonisha. I tillegg arbeider Helga jevnlig med Arnhild Vik, pianist og komponist , i mange prosjekt med allsidig repertoar

Øvrig:

Ho har også vore solist med Oslo Filharmoniske orkester (turne Japan m Mariss Jansons), Trondheim Symfoniorkester, Stavanger Symfoniorkester og alle profesjonelle militærorkester i landet.

Konsertar i Losjen / Universitets Aula/ Troldhaugen/ Konserthuset og fleire turneer med Rikskonsertane,
Tv/ radio opptredenar, plate/cd innspelingar.

Foruten sine studiar har ho studert hos Oren Brown , New York og Susanna Eken, København

Men nå:

For tida jobbar ho, ved sida av frilansing, som sangpedagog ved Khio og NMH, og er dirigent for Østensjøsangerne!